Smaken på det gode selskap
Han legg ned dei fleste treningstimane åleine. No får Trygve Henden Gaasø lønn for strevet. Med ein sterk andreplass i noregscup-rennet på Lillehammer kvalifiserte han seg til stafettlaget i NM saman med Odd Bjørn Hjelmeset og Roger Aa Djupvik.

Av Kristin Roset

- Det er veldig moro når ein får igjen i form av resultat for det ein legg ned av trening. Andreplassen i noregscup-rennet på Lillehammer er det beste eg nokon gong har prestert, fortel 16 åringen frå Sandane og Fjellhug/Vereide, same klubb som ”ringreven” Odd Bjørn Hjelmeset.

Om han ikkje får sett så mykje til Hjelmeset heime i Nordfjord, fekk han iallfall gått på same lag som han under NM i Meråker nyleg. Der plasserte Fjellhug/Vereide - Hyen seg som nummer sju, og Trygve gjorde eit svært godt renn der han hengde seg på dei beste eit godt stykke. Det blei litt for hardt mot slutten, men ungguten la inn ein god søknad for neste års NM-stafett.

Karusellrenn

Trygve har drive med langrenn sidan 7-8 årsalderen. Kva var det som fekk han til å begynne?

- Eg tok alltid fram skiene med eingong det kom snø. Syntest det var veldig kjekt. Foreldra mine tok meg så med på karusellrenn og seinare kretsrenn, og då var det gjort. Sidan den tid har eg likt å konkurrere og trene på ski, seier han.

Til dagleg går han i tiande klasse på Gloppen ungdomsskule. Med eingong han kjem heim, er det rett ut på trening. Det er ikkje mange å trene med, så han er stort sett åleine. Litt trist, men han er blitt van med det.

- Det er få som orkar å trene så mykje, og skal ein bli god, må ein jo nettopp det. Eg bryr meg ikkje så masse om akkurat det, men av og til når det er styggevêr, kan det vere litt ekstra tungt å kome seg ut, fortel han.

Men heilt åleine er han ikkje alltid no lenger. I fjor haust kom han nemleg inn på Sogn og Fjordane sitt krinslag. Det har han tydelegvis nytt godt av, for denne sesongen ha gått veldig bra. Han har heva seg fleire hakk. Det viser resultata så langt denne vinteren.

Litt treg

- Vi har ein flink trenar på kretslaget. Sjur Ole Svarstad kan det han snakkar om, og eg har fått studert teknikken min på desse samlingane. Eg må jobbe meir med klassisken framover. Skøytinga sit bra, men eg er litt for treg. I sprintløpa ligg eg litt etter, så der lyt eg trene meir, seier han.

Trygve trenar variert og ligg mellom 11 og 15 timar i ei vanleg veke om hausten. Den kan sjå om lag slik ut:


Måndag: Langtur rulleski
Tysdag: Intervall løp. Eksempel: 4 x 5 min
Onsdag: Langtur sykkel 2 t – 2,5 timar
Torsdag: Rulleski hurtig, avsluttar med lett jogg og spenst.
Fredag: Styrketrening med vekter
Laurdag: Langtur rulleski
Søndag: Sykkel. Av og til to økter denne dagen.


Nordfjordingen er ikkje berre ein kløppar på langrennsski, han viser seg godt fram i motbakkeløpa om sommaren også. Svinestrandsløpet, Eggenipa Opp og Storehesten Opp er nokre av dei knallharde bakkane han har forsert i ein fei. Men det er Svinestrandsløpet på heimebane han likar seg best i.

- Det er nok favoritten, ja. Eg kjenner stiane godt der etter nokre treningstimar i område, seier han og smiler lurt.

Bli medlem i KONDIS og få hele 8 nummer  i året med
KONDIS
Bladet for alle kondisjonerende


Les om alle medlemsfordeler og tegn abonnement!
FEBRUAR 2007
ÅRGANG 2007
KONDISARKIVET